Ikea skrinlegg Ålesund-varehus

  Foto: Colourbox

Nyhende

Dette stadfester Ikea i ei pressemelding tysdag føremiddag.

- Ikea har nyleg bestemt seg for å skrinleggje utbygging av nye varehus i Noreg. Det betyr at tomtene firmaet sit med i Vestby, Danebu, Ålesund og Tromsø vil bli seld, skriv selskapet.

Avgjerda gjer at firmaet framleis vil ha sju varehus i Noreg, i tillegg til kundesenter og netthandel.

Nøkkeltala for Ikea i 2018 syner at firmaet hadde ei totalomsetting på 7, 89 milliardar kroner, med eit overskott på 110 millionar kroner.

Hovudomsettinga til selskapet føregår gjennom fysiske varehus, dei står for 89 prosent av omsettinga. Netthandelen står for 11 prosent.

Litt i underkant av 10, 6 millionar kundar var i fjor innom eitt eller fleire av varehuset til møbelselskapet.