Matavfallet du sender til resirkulering blir til biogass og biogjødsel

Brød blir brød igjen

Ein skalk med mugg på, to drue, litt sausrestar og nokre eggeskal. Det er mykje som kan ende i den grøne matavfallsposen.

bruk lukt og smakssansen: Det matavfallet som ikkje luktar eller smakar godt kan du kaste i matavfallet. Ser maten fin ut og den luktar friskt er mat oftast heilt trygg å ete sjølv om datomerking kanskje har gått ut. Matavfall som eggeskal og bananskal går også til gjenvinning.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

ÅRIM (Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap) er eit samarbeidsselskap mellom 12 kommunar der Stranda er ei av dei. ÅRIM samlar inn om lag 50 kg matavfall frå kvar enkelt av oss årleg som går til biogassanlegget på Lillehammer. Tal syner at av dei 190 kiloa restavfall kvar enkelt av oss kastar årleg, var om lag halvparten matavfall. Dette var før ein starta med utsortering av matavfall.