Samferdselsministeren deltok i storkontroll

Kontrollerte alle vogntog

Storkontroll: Samferdselsminister Jon Georg Dale og statsminister Erna Solberg deltok tysdag kveld på tungbilkontroll ved Ørje kontrollstasjon.  Foto: Stephansen / Samferdselsdepartementet

Nyhende

Tysdag kveld deltok samferdselsminister Jon Georg Dale og statsminister Erna Solberg på ein kontroll av alle vogntog som kom over grensa ved Ørje i Østfold. Dette melder samferdselsdepartementet i ei pressemelding onsdag.

– I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, vil eg ikkje la nokon tiltak stå uprøvd. Mange har ønska at vi skal kontrollere alle vogntog som kjem inn til Noreg. Det ville eg gje eit forsøk. Tysdag kveld kontrollerte vi alle vogntog som kom over grensa ved Ørje. Dette gav fleire nyttige erfaringar som vi vil ta med oss vidare i arbeidet for å trygge vegane våre, seier Dale i pressemeldinga.

Skal vere trygt på norske vegar

Samferdselsministeren peikar på at det skal vere trygt å ferdast på norske vintervegar og at tilstrekkeleg beredskap i vintersesongen er viktig.

– I januar bad eg Vegdirektoratet om å skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Dette er eit tiltak i arbeidet for å auke sikkerheit og framkome på norske vintervegar. Vi ønskjer også at reaksjonane mot vogntog som ikkje er skodd for norsk vinterføre vert skjerpa. Grensekontrollen ved Ørje er ein annan type tiltak som har gitt oss nyttige erfaringar, seier Dale i pressemeldinga.