Ønsker same takst i Sykkylven og Stranda

Nyhende

Sykkylven arbeidarparti fremjar framlegg om ei harmonisering av arbeidsgivaravgifta mellom Sykkylven og Stranda.

– Arbeidsgivaravgifta må justerast ned frå sone 1 (14,1 prosent journ. anm) til sone 2 (10, 6 prosent journ. anm), skriv laget i framlegget.

Stranda ligg i sone 2 på arbeidsgivaravgifta, og manglande harmonisering av arbeidsgivaravgift mellom dei to kommunane har vore eit stort tema i samband med samtalar om eventuell kommunesamanslåing.

Sykkylven arbeidarparti er uroa for framtida til møbelindustrien i bygda.

– Industrileiarar i Sykkylven har i mange år påpeika at møbelindustrien er veldig konjekturstyrt, og sterkt konkurranseutsett. Skal møbelindustrien klare å møte utfordringane med auka konkurranse med utlandet, må ein betre rammevilkåra for den, skriv laget.

– Sykkylven er i nedgang kva gjeld folketal, industrien og lokalsamfunnet treng å få ei vitamininnsprøyting og ei hjelpande hand. Justering av arbeidsgivaravgifta er den beste hjelpa dei kan få, skriv laget.

Framlegget skal handsamast på årsmøtet som vert held i Molde i helga. Innstillinga frå styret er at framlegget blir vedteke.

RENATE FURRE HENRIKSEN-SANDVÆR