Tilrår tilskott til Skageflå og Møll

Kultur- og folkehelseutvalet i fylket tilrår fullt tilskott til Skageflå og Møll.

  Foto: Arkivfoto: Helge Søvik

Nyhende

Tilskottet skal gå til reparasjonar på dei to eigedommane. Fylket har forvaltningsansvar for tilskott til kulturminne i verdsarvområdet.

Fire prosjekt har søkt om tilskott: Skageflå, Møll, kaihuset på Dale i Norddal og Verpesdal i Norddal.

For Skageflå, vart det i oktober i fjor gjort ei synfaring på staden. Det vart då oppdaga at delar av terrengmuren nedanfor og litt nord for bygningane i tunet har rast ut.

– Det eine hjørnet på grunnmuren til øvsteløa er no i ferd med å gli ut. Delar av løemuren må demonterast og murast opp på nytt, er vurderinga frå synfaringa.

– Skaden på grunnmuren til løa er kritisk for bygninga. Forstøtingsmuren i terrenget må også murast opp att for å førebygge ytterlegare og forsert utgliding av massar, skriv fylkesrådmannen i saksvurderinga.

I tillegg er det gitt ein lovnad om tilskott på 500.000 frå Riksantikvaren. Desse midlane blir fordelt med 350.000 kroner til løe på Litlesætra på Åkerneset, og registrering av bygningsmurar i Geiranger-Herdalen landskapsområde med 65.000 kroner. Utvalet har vidare sett av 150.000 kroner til oppretting av ei kulturvernforvaltar-stilling i verdsarvområdet.

RENATE FURRE HENRIKSEN-Sandvær