Årsstatistikken for 2018

To tusen nye arbeidsplassar i fylket

Fiske/akvakultur er ein av næringslivssektorane som har bidrege til vekst i talet på arbeidsplassar i Møre og Romsdal i fjor.  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Nyhende

- Svært gledeleg, seier regional- og næringslivssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Bergljot Landstad i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Veksten kom i form av vel 1150 arbeidsplassar i privat næringsverksemd, 560 arbeidsplassar i kommunale verksemder og 160 arbeidsplassar i statlege verksemder.

Tala kjem frå SSB sin sysselsettingsstatistikk, som kom denne veka.

Veksten i talet på arbeidsplassar i fylket kjem etter fleire år med nedgang/nullvekst i kjølvatnet av oljepriskorreksjonen i 2014. Den gongen mista fylket mellom 4 - 5.000 arbeidsplassar. Spesielt offshore- og supplyverksemdene på ytre/søre Sunnmøre og på Nordmøre merka konsekvensane av svekt oljepris. Seinast i 2017 var det nullvekst i arbeidsplassar i fylket, sett vekk frå kommunal sektor.

Landstad fortel i pressemelding at to tredjedelar av veksten i talet på arbeidsplassar er i næringslivet.

- Størst er veksten innan tekniske konsulentar, transportmiddel, fiske/akvakultur og tenester for eigedomsdrift. Det er svært viktig at det er næringslivet som igjen er i førarsetet for arbeidsplassveksten med god spreiing over fleire bransjar, seier Landstad.

Størst effekt av statlege arbeidsplassar, hovudsakleg innan høgskule- og helseføretaksektoren, har Ålesund, Volda, Kristiansund og Fræna.