Strandar kjem heim for å spele inn film

Heim for å lage film

Regissørstudent: Solveig Årdal er i gang med sin eksamen/bacheloroppgåve på Norsk skuespillerinstitutt. Filmen vert spelt inn på Stranda og har premiere i Storfjord kulturhus i slutten av mai. Foto: Privat  Foto: Privat

publikumsfreistar: Ein liten filmsnutt er ferdig innspela for å freiste publikum. Foto: Privat  Foto: Robert

Nyhende

Bakglatt er tittelen på filmen strandaren Solveig Årdal er i full gang med å realisere.

Årdal har snart lagt bak seg tre år på filmregi-linja ved Norsk skuespillerinstitutt i Oslo og som eksamen skal ho då regissere ein kortfilm. Før ho flytta til Oslo og starta på Norsk skuespillerinstitutt gjekk ho på dramalinja på Fagerlia VGS i Ålesund, og det var her ønsket om å verte regissør kom til.

Ønsker å lage forteljinga

– Det slo meg at eg ønska å lage forteljinga, ikkje spele den, fortel registudenten. Eg ønska på ein måte å lage heile puslespelet.

Filmen er farga med Årdal sine eigne erfaringar, dragning og refleksjonar mellom det å bu i by kontra det å bu på bygda.

– Ønsker eg ein ambisiøs og travel kvardag i byen, eller ein rolegare kvardag på bygda, spør Årdal seg.

Tilfeldig møte på fjellet

Bakglatt skal verte ein morosam dramakomedie om to damer og eit tilfeldig møte på påskefjellet. Den eine er ei sørgande og redd kvinne frå bygda og den andre er ei utbrent karrierekvinne frå byen. Filmen beskriv deira trøblete samspel med kvarandre og naturen. Det trøblete samspelet lærer dei til slutt å kome over sine personlege hinder før dei på ny kan leve livet med fornya livsglede.

– Det er morosamt å arbeide med film, at eins eigne tankar kan verte til ein film, seier Årdal.

Tett på sett

Som regissør har Årdal ansvar for det kunstneriske, og samarbeider tett med fotograf og lydkvinne. Tett jobbar ho også med sin produsent som hjelper til med alt det praktiske som oppsett av innspelingsdagar, kontakt på utsida og foto og klipping. Til saman er det rundt 10 personar som skal jobbe på settet under opptak og Årdal skal jobbe fram mot ein 20 minutt lang film som vert hennar bachelor/eksamensoppgåve. I slutten av mai har filmen framsyning i Storfjord kulturhus.

Innspeling på Stranda

Det nærmar seg med stormskritt den endelege innspelinga av filmen som etter planen skal gå frå 27. mars til 3. april på Ringstadsætra på Stranda. Her har Årdal fått lånt ei hytte som vert hovudlokasjon i innspelinga. Noko filming rundt den og på fjellet blir der også i tillegg til ein innspelingsdag i Oslo med fokus på karrierekvinna frå byen.

Prøver med skodespelarane er i gang og dei to skodespelarane er to som går på skulen Årdal sjølv går på, ein skule som starta opp som ein rein skodespelarskule. Årdal er i det fyrste kullet av registudentar som går ut frå skulen.

– Det var eit val eg måtte gjennom, om skodespelarane skulle kome frå miljøet utanfor eller tilknytt skulen, fortel Årdal. Eg valde å bruke to som eg kjende frå før og etter fleire prøver veit eg at eg valde rett.

Vurderar Stranda

Det å vekse opp på ein roleg og vakker stad som Stranda set sine spor i personar, Årdal sjølv vurderer å flytte heim til Stranda for ein periode etter ferdig skulegang.

Hardt arbeid og finansiering

– Å spele inn ein film er mykje hardt arbeid og reflektering. Manus er skrevet, ein skal finne fotograf og lydfolk, beskriv Årdal. Det er også ei økonomisk utfordring med ein filmproduksjon.

Skulen gir økonomisk stønad men har eit stramt budsjett som ikkje strekk til eit større budsjett slik produksjonen av kortfilmen krev. Årdal håpar å finansiere resten av filmen gjennom folkefinansiering, der folk vert utfordra til å støtte prosjektet økonomisk. Støttar du prosjektet kan du attpåtil få namnet ditt i rulleteksten eller ein kinobillett til framsyninga i Storfjord kulturhus.