Søkjer om skjenkeløyve

Brasserie Posten: Brasserie Posten i Geiranger søkjer om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 3 for å kunne servere norsk akevitt.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tysdag er det møte i helse-, oppvekst- og kulturutvalet. På agendaen står mellom anna tre søknadar knytt til løyve om skjenking og sal av alkohol.

Det nyoppretta føretaket O2II er nye eigarar av Oliven Restaurant og søkjer om alminneleg skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3. I sakspapira kan ein lese at tidlegare eigar har sagt opp skjenkeløyva, men at ny eigar kan drive vidare på tidlegare eigars løyve i ei overgangsperiode på tre månadar medan ny løyve er til behandling.

Brasserie Posten AS søkjer om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 3. Gruppe 3 omhandlar alkoholhaldig drikk mellom 22 % og 60 % vol.

I saksdokumenta kan ein lese at Brasserie Posten allereie har løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. Grunna auka etterspørsel etter norsk akevitt frå utanlandske gjestar ønsker dei no å utvide skjenkeløyva for å kunne imøtekome denne etterspørselen.

Frank Ole Bonsaksen søkjer om salsløyve for eigenprodusert alkoholhaldig vin opp til 22 % vol. I sakspapira kjem det fram at dette er for å kunne selje mindre suvenirflasker i samband med vinsmaking.

Rådmannen tilrår at alle søknadane vert innvilga.