Ny kommunalsjef

Stranda Kommune: Jane Solheimsnes vil tiltre som ny kommunalsjef for helse og omsorg 1. mai 2019.  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Stranda kommune har tilsett Jane Solheimsnes i stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg. Det melde seg totalt seks søkjarar til stillinga, fire kvinner og to menn.

– Tilsettingsprosessen har vore todelt. Rådmannen og hennar gruppe leia første del av prosessen og heldt førstegongsintervju. Tre kandidatar gjekk vidare til runde to. Her vart det gjennomført djupnetestar og andregongsintervju i regi av Symbio Consult ved Jon Rune Nygård, fortel personalsjef i Stranda kommune, Janet Alme.

Noverande kommunalsjef for helse og omsorg, Kjartan Lied, går av med AFP (avtalefesta pensjon, journ. anm) 1. mai 2019 og etter planen vil Jane Solheimsnes ta til i stillinga same dato.