Søkartala for vgs i Møre og Romsdal

Yrkesfag er populært

Stranda vgs.: Også ved Stranda vidaregåande skule opplever dei ei stor auke på søkarar til helse og oppvekstfag. Frå 8 i fjor til 13 i år.  Foto: Sindre Omenås

Nyhende

Søkartala for vidaregåande utdanning er klare. Teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag er mest populært, medan medium og kommunikasjon og design og handverk har ein opptur. Dette melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Stabile søkartal

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars hadde 3654 ungdommar søkt om skuleplass på Vg1 i Møre og Romsdal.

– 47 prosent av ungdommen søker studieførebuande, mens 53 prosent søker yrkesfag, omtrent som i fjor. På yrkesfag er teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag klare vinnarar. Dette er førstevalet til nesten ein tredjedel av alle søkarane, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken i pressemeldinga.

Totalt er det 192 fleire elevar som søker vgs. i år enn i fjor. Auken skuldast større årskull og omval.

Auke for studieførebuande

I pressemeldinga kan ein lese at dei studieførebuande tilboda aukar med om lag 6 prosent. Etter ein nedgang i fjor, har idrettsfag ein liten auke og musikk, dans og drama har 11 prosent fleire søkarar. Medium og kommunikasjon har greidd å snu den negative tendensen frå i fjor og har ei auke på 14 prosent.

Yrkesfaga i vinden

Vg1 teknikk og industriell produksjon har 14 prosent fleire søkarar og er no det mest søkte utdanningsprogrammet. Helse og oppvekstfag fortsett også veksten frå i fjor og aukar med 2 prosent. Til saman har desse to utdanningsprogramma nesten tusen søkarar. Restaurant og matfag har greidd å snu nedgangen frå dei siste åra og har ei søknadsauke på 26 prosent. Det er framleis berre vel 100 søkarar noko som byr på utfordringar for faget, heiter det i pressemeldinga.

Tradisjonelle val

I pressemeldinga kan ein lese at det ikkje er store endringar i kjønnsfordelinga til studieførebuande og yrkesfaga. Gutane søker til elektrofag, bygg og anlegg og teknikk og industriell produksjon. Jentene søker til design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk dans og drama og helse og oppvekstfag. Det er ein liten auke i gutar som søker helse og oppvekstfag og rundt 60 prosent av søkarane til studieførebuande er jenter.