No blir førarkortet digitalt

Førarkort på mobilen

Digitalt: Samferdselsminister Jon Georg Dale seier at ein snart få førarkortet på mobilen.  Foto: Tor Livius Midtbø / Samferdselsdepartementet

Nyhende

I ei pressemelding frå samferdselsdepartementet kan ein lese at Vegdirektoratet sender på høyring eit forslag om regelverksendringar for å legge til rette for digitalt førarkort.

– No blir førarkortet digitalt. Det betyr at du ikkje lenger vil trenge å ha med deg det fysiske førarkortet. Dette vil gjere kvardagen enklare for bilistane, samtidig som at myndigheitene får meir oppdatert informasjon enn det fysiske førarkortet gir i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i pressemeldinga.

På mobilen

Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar som gir auka fleksibilitet og tilgjengelegheit for brukarane, samtidige som at Statens vegvesen kan utøve dei viktigaste oppgåvene på ein meir effektiv måte heiter det i pressemeldinga.

– Det digitale førarkortet skal for nasjonal bruk vere eit fullverdig førarkort. Det betyr at det vil vere tilstrekkeleg å ha det liggande på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg, seier Dale.

Frivillig supplement

Det digitale førarkortet vil vere tilgjengeleg via for eksempel mobiltelefon, og vil vere eit frivillig, gratis supplement til dagens fysiske førarkort. Det vil framleis verte gitt fysiske førarkort, både til dei som får førarkort for første gong og ved fornying. Det fysiske førarkortet må framleis takast med for køyring i utlandet.

Den tekniske løysinga for det digitale førarkortet blir utvikla for å vareta omsyn til tryggleik, design, brukarvenlegheit og personvern. Det vert teke sikte på at publikum skal kunne ta tenesta i bruk i løpet av hausten 2019, heiter det i pressemeldinga.