Set opp faregraden for snøskred

Betydeleg skredfare på heile Sunnmøre

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Faregraden for snøskred har blitt sett opp til tre - betydeleg - av NVE si snøskredvarsling Varsom.no.

I går gjekk det seks skred i Ørsta/Sykkylven, skredet ved Brunstadhornet i Sykkylven førte til at ein mann omkom.

Forholda i fjellet blir omtalt som krevjande, det er vind og nysnø i fjellet.

- Skred kan løysast ut både naturleg og av skiløparar. Unngå leområde der det samlar seg nysnøflak, skriv varsom.no