Bil enda på taket

Ein bil har hamna på taket ved Engesetkrysset på Stranda
Nyhende

Ein varebil har hamna på taket ved Engesetkrysset på Stranda på FV60.

Då Sunnmøringen kom til staden rett over klokka ni måndag morgon, var det ingen i bilen. Vi veit difor ikkje om nokon er skada av hendinga. Det var sett opp varseltrekant på vegen i køyrefeltet ut av Stranda mot Hellesylt.

Køyrefeltet ut av Stranda mot Hellesylt var blokkert av bilen, men det var mogleg å passere ulykkesstaden i venstre køyrefelt. Helse kom til stedet då Sunnmøringen var på staden.

- Det er ein varebil som har køyrd av vegen og enda på taket på fylkesveg 60. Bileiger kontakta sjølv bilbergar og satte opp varseltrekant. Det har vore kontakt mellom politi og bileigar og det er ikkje meldt om personskader, uttaler Operasjonssentralen Politiet.