Frivillighetsprisen delast ut for trettande gang

Hyllar det frivillige

Juryen for Frivillighetsprisen ønsker forslag på den trettande vinnaren i Stranda kommune.

Frivillihetsprisen: Aud Tomasgard Berstad (t.v) og Jorunn Helth oppmodar publikum til å kome med sine nominasjonar av kandidatar til Frivillighetsprisen i Stranda kommune. Fristen er sett til 12. april.  Foto: Eivind Louis Helset

Tidlegare vinnarar
  • Helge Vongraven, Stranda, Lars Vassli, Liabygda, Ole Aasen, Hellesylt, Charles Myren, Stranda, Rune Maråk, Geiranger, Unni og Einar Lied, Liabygda, Jan Longva, Stranda, Elsa Hagebakk, Stranda, Marianne Fivelstad, Hellesylt, Åge Gjørvad, Hellesylt, Leidulf Årvik, Stranda og Terje Rusten, Geiranger.
Nyhende

Frivillighet Norge deler ut den nasjonale Frivillighetsprisen. I år kan vinnaren frå Stranda vere den som blir tildelt den 25. nasjonale Frivillighetsprisen.

Blant tidlegare vinnarar av Frivillighetsprisen i Stranda kommune finn ein representerer frå begge kjønn, alle bygdelag og i ulik alder, fullstendig liste i eigen faktaboks.

Marianne Fivelstad var den yngste prisvinnaren då ho fekk prisen tildelt i 2015. Sparebanken Møre sponsar prisen som i alle år har vore eit kunstverk av ulike kunstnarar med lokal tilknyting.

Utstrekt frivillig innsats

– Den som blir tildelt prisen har utmerka seg i sitt frivillige arbeid over tid og gjerne på fleire felt, seier Aud Tomasgard Berstad på Frivilligsentralen Stranda, og Jorunn Helth som er juryleiar for årets Frivillighetspris.

Dei ber folk eller organisasjonar som ønsker å nominere kandidatar om ein grundig grunngjeving som fortel kvifor nettopp deira kandidat skal bli tildelt prisen. Forslaga må leverast skriftleg.

– Vi treng meir enn nokre få setningar for å gjere oss opp ei meining, poengterer Berstad. Gode kandidatar fell frå om der ikkje er ei god utgreiing om kandidaten.

Løftar fram det frivillige

For Frivilligsentralen er det viktig å løfte opp det frivillige arbeidet som blir gjort rundt i kommunen, difor er det også viktig med kandidatar frå alle bygdelaga.

– Det frivillige er eit sosialt samkome, og det har ikkje minst ei stor nytte for lokalsamfunnet rundt den som bidreg, fortel Helth.

Tidlegare frist

Fristen for nominering er sett til 12. april medan utdelinga av prisen ikkje er fastsett enda.

– Vi ønsker å dele ut prisen i forbindelse med eit arrangement som passar til prisvinnaren. Vi ønsker også at dette skjer på ein slik måte at vinnaren blir heidra, seier Berstad og Helth.

Her kan du lese meir om nominasjonsprosessen.