Rishi i Vikersund

Skiflyging: Rishi Sæther skal få prøve seg som skiflygar i verdas største skiflygingsbakke, Vikersundbakken.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Rishi Sæther frå Liabygda skal få prøve seg i verdas største skiflyginsbakke.

I ei pressemelding frå Skiflyging Vikersund kan ein lese at Sæther er ein av 21 prøvehopparar som får prøve seg i den ombygde Vikersundbakken komande torsdag. Fredag er det klart for RawAir-finale der verdas hopp-elite samlast.

Jaktar magisk grense

Det er ikkje første gong Sæther får hoppe i Vikersundbakken. Han har fått prøve seg i bakken tre gongar tidlegare, men har ikkje greidd å kome seg over den magiske grensa på 200 meter. Det ønsker han å gjere noko med.

– Målet er å hoppe over 200 meter og sette ny rekord, seier Sæther i pressemeldinga.

Sæthers personlege rekord er på 198,5 meter frå førre vinter.

Unik moglegheit

– På grunn av strenge sikkerheitsreglar brukast skiflygingsbakkar berre under verdscuprenn. Skal du delta der må du kapre ein av fem-seks plassar på eit av verdas beste landslag. Å vere prøvehoppar vil derfor for enkelte vere ein unik moglegheit til å prøve ekstremsporten skiflyging, seier rennleiar i Vikersund, Ole Gunnar Fidjestøl.