Russen tek eit "Krafttak mot kreft"

- Ta godt imot oss

- Bli med og gi eit bidrag til "Krafttak mot kreft", er oppmodinga frå Maria Ibrahim og Martin Solheim hjå årets russekull. Onsdag kjem dei rundt i Stranda tettstad og i Stordal med bøsser i samband med aksjonen. 

Nyhende

Raudrussen ved Stranda vidaregåande skule skal onsdag rundt i Stranda tettstad og i Stordal for å samle inn til kreftsaka.

- Vi voner at de tek godt imot oss og blir med å bidreg til eit veldig viktig føremål, seier Maria Ibrahim og Martin Solheim for raudrussen.

Stranda-russen har vore med på aksjonen sidan 2006, og har alltid hatt godt resultat og stor oppslutnad. Det same voner dei på i år.

- Vi kjem rundt med bøsser, så ta ut kontantar og legg i bøssa. Om du ikkje har kontantar, så kan du bruke Vipps. Vi har òg starta ei digital innsamling, så moglegheitene til å bidra er mange, seier Ibrahim og Solheim.

Båe understreker at det er ei viktig sak som det blir samla inn til:

- I år er temaet kreftyper som har låg overleving, som lunge-, galleblære- og matrøyrkreft. Vårt bidrag skal vere med å samle inn pengar til forsking slik at fleire overlever, seier Solheim og Ibrahim.

Tal frå Kreftforeningen seier at kvart år får 34.000 nordmenn påvist kreft, noko som betyr at over 90 personar får ei kreftdiagnose kvar dag.

- Vi håper på eit godt resultat i år med. Frå tidlegare år veit vi at givergleda er stor i vårt område, seier russen.