Lokal gjesteframferd på programmet

Teigen-hyllest i kulturhuset

God stemning: Det er lovnader om god stemning og allsong i Storfjord Kulturhus laurdag.  Foto: Anne Marte Berge Vestre

Kinosjef Knut Arne Humberset vil også vere å sjå på scena denne laurdagen.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Laurdag er det klart for det populære showet «Mil etter mil – en hyllest til Jahn Teigen» i Storfjord Kulturhus. Konsertane var svært populære i Ålesund i fjor haust og interessa for Jahn Teigen sin musikk ser ut til å vere stor.

– Det har vore ei overveldande interesse for desse showa, seier turneansvarleg Roy Carlsen i ei pressemelding.

Turnesjefen lovar mykje allsong og ein slagerparade av dei sjeldne i Storfjord Kulturhus komande laurdag.

Lokal songstjerne

Som eit ekstra trekkplaster denne kvelden kan dei som tek turen sjå fram til ein gjesteframferd frå kinosjef Knut Arne Humberset. Når Sunnmøringen slår på tråden held han korta tett til brystet.

– Eg kan stadfeste at eg har vorte utfordra til å opptre. Eg skal framføre to nummer, eit roleg og eit litt kjappare. Noko meir vil eg ikkje avsløre før laurdagskvelden er komen, humrar Humberset.

Kinosjefen seier elles at han ser fram til konserten og reknar med at det blir høg allsongfaktor.

– Eg har følgt Jahn Teigen i alle år og har også hatt gleda av å møte han, så dette ser eg fram til, avsluttar Humberset.