Hege Løken klar for Molde

Hege Løken frå Stranda er klar for Molde håndballklubb.

Klar for molde: Komande sesong blir Hege Løken å sjå i Molde håndballklubb si drakt.  Foto: Svein André Svendsen

Nyhende

Etter at det vart kjend at Larvik handballklubb i slutten av februar ikkje lenger kunne halde på sine spelarar, stod Løken og lagvenninnene utan klubb. Molde håndballklubb har signert Hege Løken til ei kontrakt som gjeld til 2022. Saman med Hege kjem lagvenninne frå Larvik, Mari Molid.

– Molde er eit spennande lag som eg trur kan hevde seg i toppen framover, seier Løken.

Kjenner Molde godt

Løken spelte som ung i Elnesvågen og har spelt mot Molde både på yngre lag og i eliteserien. Ho er kjent med byen samtidig som mykje av familien hennar er der. Ho har tidlegare spelt for Levanger, Skrim og til slutt no Larvik.

– Det er sjølvsagt vemodig å gå frå Larvik, ein klubb eg har blitt veldig glad i, når vi er i ein slik situasjon, fortel Løken.

Av årets sesong er det berre 4 og 5 kampar igjen for dei ulike laga. For Løken sin del er ho ikkje klar til spel for Molde før komande sesong.

– Eg gler meg veldig til sesongen og det å bu nærare heime, avsluttar Løken.