Fotballgruppa i Hornindal satsar stort

Byr inn til utekino

Fotballgruppa i Hornindal IL satsar stort - på utekino ved Honndalshallen.  Foto: Foto: Svein Espe

Nyhende

Kinofantastar får moglegheit til ein ganske så spesiell oppleving neste helg: Utekino.

Fotballgruppa i Hornindal IL byr då rett og slett inn (!) til utekino.

- Vi har har fått tak i eit lerret på seks ganger tretten meter som vert festa på Honndalshallen, fortel Svein Otto Espe på vegner av fotballgruppa.

- Vi kjenner ikkje til at ein har laga utekino i eit slikt format i dette området tidlegare, så her er det alle moglegheiter for å få seg ei uforgløymeleg oppleving, seier Espe vidare.

Utstyret som kinogjengarane blir bedne om å ta med, er noko spesielt: Liggeunderlag, sovepose og campingstolar. Men først og fremst: Godt humør.

For ei optimal filmoppleving skal publikum ta plass på raudedekket.

- Om vêret ikkje spelar på lag vil vi flytte visinga inn til Honndalshallen. Men vi voner sjølvsagt på at vi får klarvêr og rundt null grader, seier han.

Filmen som er valdt, er for høvet "Captain Marvel" - ein storstilt Hollywood-produksjon som tek føre seg superheltane i det amerikanske teikneserieuniverset Marvel Comics.