Stranda A-lag herrer

Møter Spjelkavik2

Arkivbilete  Foto: Anniken Westad

Nyhende

I kveld spelar Stranda ny kamp i OBOS-cupen. Spjelkavik2 er motsatnadar på Mona.

- Det blir tøffare motstand denne kampen enn mot HaNo. Vi skal uansett gjere alt vi kan for å bikke kampen i vår favør, seier trenar Arnfinn Røyrhus Lødemel.

Tidlegare i turneringa har Stranda tapt mot Fjørtoft og seira mot HaNo. Felles for kampane er at dei har vore målrike. Sju mål vart det mellom Stranda og Fjørtoft. Mot HaNo var det total målorgie når Stranda vann 8-4.

Spjelkavik2 leiar gruppa i OBOS-turneringa. Utanom dei nemde laga, er også Emblem i denne gruppa. Stranda avsluttar dei innleiande kampane med bortekamp mot Emblem neste torsdag.