Bilulukke i Liabygda

Nyhende

Politiet melder på Twitter rett etter halv fem fredag ettermiddag at ein bil har køyrd utfor ei skrent i Liabygda. Ulukka skjedde i følge 110-sentralen ved barnehagen.

Klokka 1652 melder 110-sentralen at Norddal brannvern saman med ambulanse er på staden, og arbeidar med sikring og frigjering av sjåføren.

NRK melder i ettermiddag at bilføraren skal vere kritisk skadd, og er frakta til Ålesund sjukehus.

Klokka 2100 melder operasjonsleder i politiet at bilføraren er frakta vidare til St. Olavs hospital i Trondheim. Politiet er ferdige med sine undersøkelsar på staden, men har ikkje vore i kontakt med bilførar.

Laurdag føremiddag melder NRK at det ikkje er noko nytt om helsetilstanden til bilføraren.