Rishi nådde målet

Magisk grense: Rishi Sæther landa på 200 meter blank og vart med det medlem i den ekslusive 200-metersklubben.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Rishi Sæther frå Liabygda var torsdag kveld ein av 21 prøvehopparar før helgas RawAir-finale i den nyleg ombygde Vikersundbakken.

Sæther har tidlegare fått prøve seg i denne bakken tre gongar, men har aldri klart å kome over den magiske 200-metersgrensa. Før torsdagens prøvehopping var Rishi heilt klar på kva som var målet.

– Målet er å hoppe over 200 meter og sette ny rekord, konstaterte Sæther.

Torsdag kveld, i sitt tredje og siste hopp, landa Rishi på 200 meter blank. Han blei med det medlem i den eksklusive 200-metersklubben. Av dei 21 prøvehopparane denne kvelden var det seks som hoppa 200 meter eller lengre. Rishi sin gamle rekord var på 198,5 meter, frå same bakke sist vinter.