Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter

Tok heim fire prisar

Ibsen@Hellesylt UB og Munnfull UB var Stranda Vidaregåande skule sine representantar på Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter 2019 i Molde.

Beste kundeoppleving: Ibsen@Hellesylt UB fekk ein fin 2.-plass i konkurransen om den beste kundeopplevinga på internett. Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde  Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Vi er veldig stolte av ungdomsbedriftene og den jobben dei har gjort

Beste forretningsplan: Jentene i Munnfull UB hadde gjort seg flid med sin forretningsplan. Dei vant konkurransen "Beste forretningsplan". Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde.  Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde

Nyhende

Munnfull UB deltok med sin Rørospudding, som er basert på tjukkmjølk og fløyte frå Rørosmeieriet. Ibsen@Hellesylt UB er ein app som fortel om forfattaren Henrik Ibsen sitt besøk til Hellesylt, men den fortel også om kva ein som turist kan oppleve på Hellesylt.

Fylkesmessa var delt inn i tre bolkar med premieutdeling der 6 konkurransar var forhåndsdømt og 10 prisar vart bedømd under messa. Ungdomsbedriftene konkurrerer mellom anna å lage best marknadsføring, best logo og best utstilling. I alt 52 ungdomsbedrifter frå heile fylket var med i dei ulike konkurransane. I tillegg til å få utnevnelsar i ulike kategoriar fekk fire av ungdomsbedriftene invitasjon til å delta i NM for Ungdomsbedrifter.

– Dessverre vart det ingen deltaking i NM for vår del, seier Hjellegjerde på vegner av elevane.

Tildelt fire prisar

Under den fyrste av bolkane vant Munnfull UB fyrsteprisen i konkurransen «Beste forretningsplan». Ibsen@Hellesylt UB tok ein 2.-plass i konkurransen «Beste kundeopplevelse på nett» og ein 3.-plass i konkurransen «Beste marknadsføring». Munnfull UB tok også ein 2.-plass som «Beste Yrkesfaglige bedrift».

– Vi er veldig stolte av ungdomsbedriftene våre og den jobben dei har gjort, seier Ole Bjørn Hjellegjerde som er lærar i entreprenørskap på Stranda VGS. Vi er godt nøgde med at begge ungdomsbedriftene fekk kvar sine to plasseringar.

Opererer utanfor skulen

Begge ungdomsbedriftene lever eit liv utanom skulen og fylkesmessa. Munnfull UB sin Rørospudding har vore til sals på ulike butikkar både på Stranda og i Sykkylven. Ny forsyning ut til butikkane er under produksjon den her veka.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar, spesielt frå eldre som smakar seg tilbake til sin ungdom, beskriv Hjellegjerde.

Ungdomsbedriftene lånar organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera. Dette må dei levere tilbake når skulen sluttar og bedrifta må derfor etter kvart ta slutt.

Røros og Hellesylt

– Rørospuddingen kjem kanskje til å leve vidare trass dette fordi Rørosmeieriet får tilgang på oppskrifta når Munnfull UB tek slutt, forklarer Hjellegjerde.

På Hellesylt har både næringslivet og kommunen vore involvert i utviklinga av Ibsen@Hellesylt UB. Håpet er at elevane skal drifte den vidare for Stranda kommune også framover sidan dei alle er elevar også neste år på Stranda. Appen ventar på godkjenning frå Apple før den eventuelt kan nå breiare ut til publikum.

Mange arbeidstimar

Å starte ei ungdomsbedrift er eit intensivt prosjekt som strekk seg over 5 månadar. Då skal ein kome fram til eit produkt, ein skal produsere forretningsplan, logo, brosjyrar m.m.

– Vi set mykje inn på at alt skal vere ferdig til påmeldingsfristen, seier Hjellegjerde. Det er eit tøft løp for å få klart alt og det ligg hundrevis av arbeidstimar bak den ferdige presentasjonen.