Inviterer strandarar til undersøking om vasskvalitet

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Folkehelseinstituttet skal undersøke vasskvaliteten ved vassverk rundt om i Noreg, deriblant i Stranda. Undersøkinga gjeld berre for husstander som får vatn frå vassverk, ikkje frå private brønnar eller mindre vassverk (forsyner færre enn 20 husstander red. anm).

Totalt skal ein rekruttere heile 56.000 personar til å svare på undersøkinga, som blir gjennomført av Norsk gallup.

Det er første gong Folkehelseinsituttet går inn og kartlegg sjukdom som ei følge av dårleg vasskvalitet.

- Vi treng kunnskap om kor mange som blir sjuke av drikkevatnet, difor oppmodar vi alle inviterte til å delta. Kunnskap er viktig for å sikre eit godt og trygt drikkevatn i framtida, seier forskar og prosjektleiar Camilla Svendsen i Folkehelseinsituttet i ei pressemelding.

- Smitte i drikkevatnet gir oftast ufarleg og forbigåande magesjuke, og dei færraste kontaktar lege. Hittil har det difor ikkje vore mogleg å fastslå kor mange som vert sjuke av drikkevatnet i Noreg, seier Svendsen.

Prosjektet skal gjennomførast fram til 2020. Norsk Gallup vil i april ringe opp enkeltpersonar og spørje om dei vil delta i undersøkinga. Berre personar som får vatn frå eit vassverk som forsyner minst 20 husstandar med vatn, vil bli kontakta.