Trafikk-kontroll på FV60

Mista lappen

Nyhende

Ein bilførar fekk førarkortet kverrsett i samband med ein trafikk-kontroll på FV60 i Velledalen måndag ettermiddag.

Bilisten vart tatt for køyring i 88 kilometer i timen i 60-sona.

I tillegg vart det utstedt eit forenkla førelegg for fart under trafikk-kontrollen.

Dette melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.