50 år med godt drikkevatn

Vassverk feira seg sjølv

Gardane i Liabygda hadde ikkje god nok tilgang på vatn, tankesmia starta å arbeide og i dag feirar Liabygda vassverk 50 år.

Avtroppande leiar i Liabygda vassverk SA overrekker den fyrste leiaren i vassverket, Rolv Ansok, ei gåve som takk for innsatsen. Seinare fekk Ansok overrekt ei ekstra gåve, ein trebolle laga av Einar Waldal med påskrifta Tusen, Tusen takk! frå Liabygda vassverk.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Trollstova i Liabygda var dekt til fest og dei fremmøtte vart ønskt velkomen av Lars Kjell Smoge, avtroppande leiar i Liabygda vassverk SA. På bordet stod sjølvsagt vatn frå Liabygda vassverk. Programmet bestod av historisk tilbakeblikk, gåveutdeling, god mat og vart avslutta med vanleg årsmøte.