Stranda fotball

Avslutta med storsiger

Arkivbilete  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Stranda avslutta OBOS-cup senior med å slå 4.divisjonslaget Emblem 3-0 sist torsdag.

Stillinga ved pause var 1-0. Målscorarar for Stranda var Martin Espelund, Kristupas prismantas og Sander Birkhol.

Stranda enda dermed på seks poeng i denne runden av OBOS-turneringa.

Trenar Arnfinn Røyrhus Lødemel var også nøgd etter kampen.

- I første omgang låg vi for lavt og lot Emblem styre spelet. etter pause fekk vi justert dette med å presse høgare i bana. Den planen fungerte. hadde vi vore meir effektive kunne vi vunne med fleire mål, seier han.

Komande torsdag er det ny treningskamp for Stranda sitt 5. divisjonslag. Då møter laget divisjonskollega Skodje på utebane.

I kveld, tirsdag, spelar Stranda/Sunnylven sitt damelag treningskamp mot Stordal. Laga møttest for nokre veker sidan på Stranda. Då spela laga uavgjort. Kampen i kveld går i Stordal.