Etter fleire rundar fram og tilbake er det no klart

Namnet blir Ringdalen

Statens kartverk greie for sitt vedtak i sak 2018/138 i Stranda kommune.

Nytt vedtak: Statens kartverk har gjort vedtak på at gardsnummer 90 skal skrivast Ringdalen. Foto: Arne Inge Tryggestad.  Foto: Arne Inge Tryggestad

Nyhende

Vedtaket gjeld skrivemåten av gardsnamnet Rindalen/ Ringdalen. Gardsnamnet til gardsnr 90 får vedteke skrivemåten Ringdalen og bruk nummer 1,3,5 og 6 som nyttar gardsnamnet i sitt bruksnummer får same vedtak. Stranda kommune ønska skrivemåten Ringdalen, medan grunneigar ønska skrivemåten Ringdal. Språkrådet tilrådde Ringdalen i sitt vedtak. Ring- som både kommune og grunneigar ønska, og -dalen i bunden form i samsvar med nedervd uttale.