Utmarksbeite er ei utfordring

Mattilsynet med fokus på dyrevelferd

Sau: Ifølge Mattilsynet er tap av dyr på beite den største utfordringa for dyrevelferda. Desse tre ser ut til å ha det fint.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

I 2018 avdekka Mattilsynet fleire tilfelle der dyr vart alvorleg vanskjøtta enn tidlegare år.

I ei pressemelding melder Mattilsynet at talet på dyreeigarar som har fått forbod mot dyrehald i 2018 er meir enn dobla frå året før.

Strenge verkemiddel

Mattilsynet melder at dei brukar sterke verkemiddel mot dyreeigarar som har grove brot på regelverket for dyrevelferd.

– I 2018 fekk 78 dyrehald aktivitetsforbod, noko som er ei auke på meir enn 150 prosent frå 2017. Talet på tvangsavviklingar av dyrehald har også auka sidan 2015. Det vart avvikla 81 dyrehald i fjor, det same talet som året før, heiter det i pressemeldinga.

Mattilsynet sin årsrapport for arbeid med dyrevelferd syner også at talet på dyreeigarar som vert melde til politiet har auka frå 20 i 2015 til 46 i 2018.

Vurderar risikoen

Mattilsynet utfører tilsyn basert på ei risikovurdering. Dette betyr at dei oftare dreg på tilsyn til dyreeigarar der dei har mistanke om at dyrevelferda er dårleg eller at det har blitt motteke ei bekymringsmelding. Dette gjer at tala frå rapporten er representative for dei dyrehalda der risikoen for dårleg dyrevelferd er høgast.

– Det totale talet på dyrehald vi er på tilsynsbesøk hos har minka. Dette kan bety at vi brukar meir tid og ressursar på dei dårlegaste dyrehalda, og heller andre metodar som dialogmøte med bønder og næringsorganisasjonane for å nå breitt ut med kunnskap om regelverket og verkemidla våre, seier Torunn Knævelsrud i seksjon for dyrevelferd i pressemeldinga.

Tap på beite

Ifølge Mattilsynet er tap av dyr på beite den største utfordringa for dyrevelferda. På landsbasis vart rundt 3 prosent av sauene og 6 prosent av lamma borte på utmarksbeite i 2018. Tapet av sau til rovvilt er lågare enn på fleire år og utgjer rundt 25 prosent av totaltapet.

– Talet på sau på utmarksbeite går ikkje ned og tapstala tyder på at rovvilt og sau mange stadar er skilt i utmarka. Der dette ikkje er tilfelle, er det framleis store tap, heiter det i pressemeldinga.

Mattilsynet tok i 2018 imot 2240 fleire bekymringsmeldingar enn i 2017.

– Vi syns det er svært positivt at interessa for dyrevelferd er blitt høgare i samfunnet. Dette viser at folk bryr seg, seier Knævelsrud i pressemeldinga.