Inviterar til foredrag

Frå salmesykkel til kyrkjeorgel

Kyrkjeorgel: Kyrkjeorgelet i Geiranger kyrkje var nytt i 2016.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Førstkomande tysdag vert det halde foredrag om gamle trøorgel på Møbelmuseet i Sykkylven.

– Det er neppe alle som veit kva ein salmesykkel er. Eit trøorgel derimot er nok meir kjent, i alle fall for dei som har levd nokre år. Små orgel med pedalar var vanleg å finne både i skulestover og i heimar i store delar av 1900-talet. I forsamlings- og bedehus var det også trøorgel, noko som truleg har gjeve opphavet til namnet. Ein av dei leiande produsentane i landet av slike orgel, eller harmonium, var Vestres Orgelfabrikk på Haramsøya, fortel historikar og førstekonservator Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Aktuelt for strandarane

Høidal håpar at strandarane tek turen over fjellet denne dagen.

– Dette burde vere like aktuelt for strandarane som for sykkylvingane. Eg vil tru at mange strandarar hadde slike orgel i stovene sine, og enda fleire har nok eit forhold til dei frå musikktimane på skulen og frå bedehusa rundt om. Med på arrangementet vert også kantor i Sykkylven kyrkje, Rose Iren Stave. Ho vil fortelje om korleis det vert lyd i dei ulike typane orgel og ho vil også spele nokre stykke på eit Vestre-orgel, avsluttar Høidal.