Tilskotsordning for naturmøteplassar

Skap din eigen draumeplass

Draumeplassen: Det manglar ikkje på storlagen natur i kommuna og det er nok mange aktuelle stadar for naturmøteplassar.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

I ei pressemelding frå 4H Møre og Romsdal annonserar dei prosjektet «Draumeplassen» som ønskjer å legge til rette for å utvikle naturmøteplassar i Møre og Romsdal. Her kan lag og organisasjonar som ønskjer å utvikle ein samlingsstad i naturen søkje om midlar til dette arbeidet. Prosjektet er eit samarbeid mellom 4H Møre og Romsdal og Gjensidigestiftelsen.

– Tilskotsordninga er mynta på alle frivillige organisasjonar der prosjekta fremmar barne- og ungdomsaktivitet i eit lokalsamfunn. Ordninga gjeld altså ikkje berre 4H klubbar. Det kan også være samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar, heiter det i pressemeldinga.

Tilskotsordninga har søknadsfrist 15. mai 2019.

Meir info om prosjektet finn du her.