Opplagstala for 2018 er klare

Opplagsauke for Sunnmøringen

Illustrasjonsfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

- Veldig gledeleg, er den umiddelbare reaksjonen til redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær.

- No legg eg turen innom bakaren på måndag morgon, så vi får ein noko alternativ lønsj denne dagen. Men ei markering må vi ha, legg ho til.

Tala frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) syner at opplagsauken for Sunnmøringen er på 2, 79 prosent - ei auke på 46 abonnentar frå 2017.

I rene tal har opplaget gått frå 1.648 i 2017 til 1.694 i 2018.

Laussal har ein nedgang på fire eksemplar frå 2017 til 2018.

- Det er ikkje å leggje skjul på at vi i 2018 hadde eit utfordrande år med underbemanning ein del av året. Likevel klarte vi å gi ut meir redaksjonelt stoff til våre lesarar enn i 2017 målt i sidetal, seier ho.

Redaktøren opplev stort engasjement rundt Sunnmøringen, og ønsker at det held seg:

- Ei avis som ikkje blir diskutert og ikkje vekkjer reaksjonar, blir ikkje lese. Eg tek gjerne imot både ros og ris på vegner av Sunnmøringen. No har vi to nytilsette journalister i staben, Ole Tommy Hanssen frå Sykkylven og Eivind Louis Helset frå Sunnylven - og saman skal vi fortsette å gi våre lesarar eit godt avisprodukt både på papir og på nett. Spesielt nettløysinga er fokusområde framover, seier redaktøren.

- Det redaktøren spesielt ønsker seg for 2019, er at fleire av abonnentane nyttar seg av det fulle tilbodet som ligg i abonnementet med pluss-løysinga til Sunnmøringen. Våre abonnentar får ein meirverdi gjennom desse sakene, påpeiker redaktøren.