Redaksjonell årsrapport

Slik var 2018 for Sunnmøringen

Nyhende

Sunnmøringen sin redaksjonelle årsrapport for 2018 er klar - og no kan du sjå korleis fjoråret var for di lokalavis.

- Dette er ei oppsummering av kva redaksjonen har gjort i året som gjekk. Sunnmøringen hadde i delar av 2018 ei utfordring år med for lite bemanning, og eit mylder av aktivitet i Stranda. Noko fekk vi ikkje dekt godt nok - men jamnt over året er mi vurdering at vi har levert både relevant journalistikk og spegla Stranda-samfunnet godt, seier redaktør og dagleg leiar Renate Furre Henriksen-Sandvær.

Årsrapporten kan du lese her: Redaksjonell årsrapport 2018 for Sunnmøringen

Sunnmøringen har to journalistar samt ein skrivande redaktør, som publiserer både på nett og på papir.

- Staben er levande engasjert i å lage god journalistikk som angår og engasjerer strandarane, seier redaktøren.

- I ei tid kor ein diskuterer falske nyheiter og alle kan publisere kva dei vil på sosiale media, er det stadig viktigare med informasjon som folk kan stole på. I Sunnmøringen tek vi presseetikk på høgste alvor, og både Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten er etiske rammeverk som trygger redaksjonen sjølv og våre lesarar, seier ho.

Å vere opne om pressa sine arbeidsmetodar er eit uttalt mål for samtlege norske redaksjonar, sjølvsagt òg Sunnmøringen. Publisering av redaksjonell årsrapport er ein del av dette målet.