Tal frå arbeidsmarknaden

God utvikling i arbeidsløysa

  Foto: Arkivfoto

Nyhende

– Reduksjonen i arbeidsløysa som vi har hatt det siste året held fram også den siste månaden. Når vi tek omsyn til dei vanlege sesongsvingingane er det 42 færre arbeidslause no enn ved utgangen av februar, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland i ei pressemelding.

I pressemeldinga kan ein lese at i det siste året har det vore ein nedgang i arbeidsløysa i alle arbeidsmarknadsregionane i fylket. Størst er reduksjonen på indre Nordmøre, medan reduksjonen er minst på søre Sunnmøre.

– Samanlikna med landet har Møre og Romsdal hatt ei god utvikling det siste året. Nedgangen i vårt fylke har vore på 10 prosent medan landet i same perioden har hatt ein reduksjon i arbeidsløysa på knapt 4 prosent, seier Veland.

I mars 2019 er 3 230 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstokken. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,7 prosent for menn.

Stranda og nabokommunane

Dei prosentvise tala for arbeidsløysa for Stranda og nabokommunane er som følger:

Stranda: 1,8 %

Sykkylven: 1,4 %

Stordal: 1,9 %

Norddal: 0,9 %