No er det bandtvang

Bandtvang: Frå 1. april må du halde hunden i band. Arkivfoto 

Nyhende

Måndag 1. april trer den landsdekkande bandtvangen for hundar i kraft. Med mindre hunden er i eit av landets få friområde for hund, må den derfor haldast i band over alt frå og med denne dagen. Dette melder Norsk Kennel Klub i ei pressemelding.

– Norsk Kennel Klub oppfordrar alle hundeeigarar til å respektere den landsdekkande bandtvangen som varer fram til og med 20. august. På same tid oppfordrar vi landets kommunar til å kome hundeeigarar i møte ved å opprette eigne friområde for hundar, heiter det i pressemeldinga.

Utvida bandtvang

I Stranda kommune er det i tillegg til ordinær bandtvang også utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr. Den utvida bandtvangen gjeld frå 21. august til og med 31. oktober. Det er også bandtvang heile året i tettstader, bustadområde, område regulert til offentleg føremål, på kyrkjegardar og i tilrettelagde friluftsområde.

Dyrevelferd

Norsk Kennel Klub seier i pressemeldinga at dei har forståing for at hundeeigarar må ta ekstra omsyn til anna dyreliv i bandtvangsperioden.

– Dyrelivet er ekstra sårbart frå april til august og hundar må derfor haldast i band eller vere innegjerda i denne perioden. Det er også et faktum at bandtvangen i praksis tek frå hunden moglegheita til normal åtferd over ein lengre periode. Det er derfor også eit spørsmål om dyrevelferd å opprette hundeparkar der dei firbeinte kan springe fritt, heiter det i pressemeldinga.