Sunnmøringen sin påskehare har vore på tokt

Alle påskeegga funne i Sunnylven

Nyhende

Sunnmøringen sin påskehare var måndag morgon på tokt i Sunnylven, og sette ut fire egg.

Vi er reint overvelda over kor driftige sunnylvingane er (inst inne visste vi det jo godt, men likevel!), og kan no slå fast at det tok to timar å finne fire egg.

Sunnylvingen i redaksjonen har heldigvis stasjonsvogn, noko som trengs - fire store påskeegg er snart på veg ut til Hellesylt.

Takk for strålande innsats - og Sunnmøringen sin påskehare har notert seg at det må langt heftigare gøyming til i neste omgang.