Kultur og underhaldningsinnslag

Den Kulturelle Spaserstokken

Stranda Frivilligsentral og Stranda kommune har tildelt midlar frå Den Kulturelle Spaserstokken.

Stranda pensjonistlag med Jeppe Hjelle i spissen får tildelt 6.500 kr i tilskot frå Den Kulturelle Spaserstokken.  Foto: Arkiv: Johan Behrentz

Nyhende

Pårørandegruppa Sunnylven omsorgssenter er tildelt kr 8.000 i tilskot. Søknaden var på kr 14.000 og skulle nyttast til allsong og kaffi/kaffimat som er arrangert ein gang i månaden på omsorgssenteret.

Gunnar Inge Eide og Tone Oline Knivsflå er tildelt kr 4.500 i tilskot. Søknaden var på kr 1.500 pr. konsert og konsertane er tenkt gjennomført på aldersheimane i Liabygda og Geiranger i fyrste omgang. Programmet har dei kalla «Sommarviser» og inneheld norske viser av Prøysen, Sandbekk, Bye og fleire andre.

Stranda Pensjonistlag er tildelt kr 6.500 i tilskot. Søknaden var på kr 15.000 og skulle nyttast til kulturelle innslag på deira medlemsmøte i tillegg til musikkinnslag til eldredagen som pensjonistlaget i år arrangerer. PK Støbakk og Jakob Sande i ord og tonar er eksempel på musikkinnslag dei ønsker å gjennomføre.

Stordal og Liabygda Pensjonistlag er tildelt kr 2.000 i tilskot.

Pårørandeforeininga på Stranda omsorgssenter er tildelt kr 6.500 i tilskot. Søknaden var på kr 15.000 og skulle nyttast til underhaldning på dei 7 laurdagskafeane dei arrangerer i tillegg til Syng med oss, sommarfest og julebord.

Den Kulturelle Spaserstokken er eit kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune og tilskotet skal gå til å realisere kulturtiltak som er skildra i søknaden.