Indre Sunnmøre Støylag inviterar til konsert

Kva med litt støy?

Indre Sunnmøre Støylag: Jonas Flemsæter Hamre og Jonatan Uranes. Bilete er frå ein tidlegare konsert.   Foto: Jonatan Uranes

Nyhende

Komande veke er det klart for ein konsert litt utanom det vanlege i Storfjord Kulturhus.

Strandaren Jonatan Uranes og sykkylvingen Jonas Flemsæter Hamre utgjer duoen «Indre Sunnmøre Støylag». Dei skal no ut på ein miniturné som mellom anna inkluderer Oslo, København og Amsterdam. Og Stranda sjølvsagt.

Støymusikk

Støymusikk er ein musikksjanger som brukar lydar som vanlegvis vil oppfattast som bråk som grunnelement.

– Eg veit ikkje om mange som set på denne typen musikk på platespelaren heime, sjølv om eg gjer det sjølv. Å oppleve det på konsert trur eg derimot kan vere ei spanande oppleving, seier Jonatan Uranes.

God konsertoppleving

Uranes bur i København og er sjølv aktiv med fleire formar for støymusikk. Han har spelt over hundre konsertar med støymusikk i ei rekkje ulike land.

– Eg får ofte tilbakemeldingar på at folk har hatt gode opplevingar på konsertane, sjølv om dei ikkje har noko forhold til støymusikk frå før. Det blir noko heilt anna enn å høyre på denne typen musikk heime. Vi spelar mykje på bevegelse og ting som skjer i rommet, mellom anna brukar vi ein del lydar som baserer seg på tilbakemating frå høgtalarane. Mykje av det vi gjer er improvisasjon og det er ein veldig dynamisk måte å spele på. Ein veit aldri kva ein får når ein er på støykonsert, fortel Uranes.

I tillegg til Indre Sunnmøre Støylag vil også strandaren Aksel Helstad opptre under konserten.