Fasteaksjonen 2019

Reint vatn reddar liv

Årets konfirmantkull frå Stranda og Liabygda skal ut å gå med bøsser tysdag 9. april.  Foto: Martin Kristoffersen

Nyhende

Det er snart klart for Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. I år er fokuset på reint vatn og konsekvensane av klimaendringar. Konfirmantane frå Stranda og Liabygda er klare for å gjere ein innsats og vil gå rundt med bøsser tysdag komande veke.

Alvorlege konsekvensar

– For mange er klimaendringane allereie ein realitet som har alvorlege konsekvensar. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. I slike situasjonar er ofte tilgang til reint vatn eit stort problem. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp handlar i år om å gi reint vatn til menneske som kjenner på kroppen at klimaet endrar seg, heiter det i ei pressemelding frå Stranda Kyrkjekontor.

Alle sitt ansvar

Konfirmantane håpar at dei blir godt tekne i mot.

– Det er alle sitt ansvar å finne løysingane på klimakrisa, og å hjelpe dei som vert ramma. I tillegg skal det svært lite til for oss å gi eit menneske varig tilgang til reint vatn. Vi håpar at så mange som mogleg vil gi, når vi bankar på døra med bøssene våre, seier konfirmantane i Stranda og Liabygda.