Over 31 millionar til gode for strandarane

Skattemeldinga 2018

Skattedirektør: Skattedirektør Hans Christian Holte seier at det kan vere lurt å bruke litt tid på å sjekke skattemeldinga.   Foto: NTB

Nyhende

Natt til torsdag vart skattemeldinga for 2018 gjort tilgjengeleg for 4,9 millionar nordmenn. I Møre og Romsdal har 147 490 personar fått ein foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 11 467 kroner, mens 37 132 har fått ein foreløpig restskatt på 24 287 kroner i gjennomsnitt. Dette melder Skatteetaten i ei pressemelding.

Viktig å sjekke

Skattemeldinga for lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande er førehandsutfylt med opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Det er framleis nokon skatteforhold du sjølv må fylle ut i skattemeldinga, for eksempel utleigeinntekter og utanlandsforhold som feriebustad.

– Det kan lønne seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørge for at du har alt på stell. Om alle opplysningane i skattemeldinga er riktige og alt er tatt med, så treng du ikkje å levere den, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

31 millionar til gode

Dei førebelse tala viser at i Stranda kommune er det 3005 personar som ligg an til å få igjen pengar. Desse vil i snitt få i overkant av ti tusen kroner kvar, noko som utgjer over 31 millionar kroner i skatt til gode for strandarane. På same tid er det 648 strandarar som ligg an til å måtte betale ein restskatt på omlag femten tusen kroner kvar i snitt.