Lesarinnlegg om Fausadalen

Stå vakt om naturen!

Fausadalen: Kvitryggspetten er registrert som hekkeart ved Stigelivatnet i Fausadalen.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Mange unge ser no ut til å ta dei globale miljøaspekta tungt innover seg, og har synleggjort si redsle for framtida gjennom skulestreik. For nokre vaksne vart dette heller ein debatt om dei hadde rett til lovleg fråvære. Men det er dramatisk nytt i den industrialiserte verda at dei unge fryktar framtida, og det er synd at det har blitt slik.