5 NM-medaljar til Martine

Martine Sve i aksjon.  Foto: Frank Sve

Martine med luftrifla.  Foto: Frank Sve

Nyhende

Martine Sve tok med seg heile fem medaljar under førre helgs Norgesmeisterskap i luftrifle 10m og 15m som vart arrangert i Ullensaker og på Nordstrand.

– Det vart sølvmedalje i hovudprogram, 40 skot ståande Luftrifle internasjonalt program, med 403,4 poeng i klasse U16. Martine tok også to bronsemedaljar. Ein på sprint 30 skot ståande med luftrifle 10m med 249 poeng og frigevær 15m 30 skot ståande med 295 poeng. Begge i klasse U16, seier Frank Sve i ei pressemelding.

Noregsmeister

Martine gjekk heilt til topps og vart noregsmeister i lagskyting for ungdom i 15m frigevær, 30 skot ståande, for Kisen Msl. Det vart også sølvmedalje i lagskyting luftrifle 10m.

Internasjonalt skyttarstemne

Seinare denne veka reiser Martine Sve til eit større internasjonalt skyttarstemne i Rifle-Matchskyting 50m i Dortmund i Tyskland. Her skal ho delta i to øvingar i klassa junior kvinner 17–21 år. Den eine øvinga er heilmatch, som består av 40 skot kneståande, 40 skot liggande og 40 skot ståande. Den andre øvinga er 60 skot liggande.