Ønsker å gi noko tilbake til skulen

Fleire overraskingar

Rekka var lang og køkulturen like imponerande, når elevar og tilsette snirkla seg fram mot grill og grillmat.

Vi lova å gi noko tilbake til skulen, seier Ole Arnstein Ringdal

Nyhende

Der stod Ole Arnstein Ringdal, dagleg leiar i Ole Ringdal AS og Lars Kristian Hjelseth og var pølsevertar. Rektor ved Sunnylven skule, Roar Seljeset sprang, med hendene fulle av saftmuggar, til og frå skulekjøkenet. Kai Adam Røyrhus og Fredrik Fivelstad Stadheim var ikkje heilt sikre på om det var nok pølser til alle, det var jo trass alt mange elevar som ønska seg grillpølse.