Kommunereform og Sykkylven-Stranda

Ja til oppretting av fellesnemd

arkiv  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Kommunestyret i Sykkylven sa måndag ja til å opprette fellesnemd for å sjå på moglegheitene for kommunesamanslåing av Sykkylven og Stranda.

Kommunestyret i Stranda fekk i dag onsdag ei oppmoding frå ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) om å settje oppretting av fellesnemd på sakskartet. Dette sa kommunestyret ja til.

Arild Ringdal (Ap) stilte spørsmål om ein får tilskott til utgreiing i samband med kommunereforma. Dette stadfesta ordføraren at fylkesmannen har sagt ja til, men ikkje før til neste år. Erlend Krumsvik, tidlegare i Sunnmøre Regionråd, har vorte førespurt om å vere ekstern konsulent i denne saka - og har meldt tilbake at han er interessert.

Framlegget til vedtak var i tre punkt, og vart vedteke samrøystes.


Fellesmøte mellom adhocutvala i Stranda og Sykkylven

Full semje om å ta prosessen eit steg vidare