Oppmoding frå Bygdarane

- Hugs raske briller!

Sunnmøringen dreg gjerne fram tidlegare suksessar på Grendakvelden - her frå 2016, då Bygdarne sist sto på scena. Friskusen Barbro Lade vart reint forkava av alle turistane på Helle-helle-hellesylt, og søkte opp i fjellet.   Foto: Arkivfoto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Gjengen i år lover mykje løye frå scena laurdag, og Den Beste Grendakvelden Ever.  

Nyhende

Grendakvelden må seiast å vere både vårens vakraste eventyr, og ein av dei største hendingane i Sunnylven årleg. Den største er sjølvsagt Hellesyltdagane, i folk og i aktivitet.

Sunnylvingane kjem i flokk og følge for å få med seg krumspring på scena, og kva som i år blir av løye på scena - det får vi sjå laurdag kveld.

Då går Bygdarane på scena. Som alle veit i Sunnylven og i redaksjonen i Sunnmøringen, så rullerer Grendakvelden mellom Bygdarane, Dalarane og Sjøarane.

- Vi skal ikkje snakke ned dei andre bygdelaga, men når vi går på scena laurdag blir det sjølvsagt Den Beste Grendakvelden Ever, seier Kristin Storstein til Sunnmøringen torsdag kveld.

- Vi kan ikkje røpe for mykje, men det vil bli aktuelle saker frå bygda. Mellom anna har vi tenkt litt kreativt, og kome fram til ein ny vernemetode for fossekall, seier Hanne Kvamme.

Og så kjem den kryptiske oppmodinga:

- Alle som kjem på Grendakvelden må hugse å ha på seg "raske briller" - altså solbriller, understreker Storstein.

- Skal vi av det tolke det dithen at Bygdarane vil hjelpe Sunnylven kollektivt med å sjå lyset?, spør vi.

- Kanskje. Kanskje ikkje. Det får du vite om du tek turen på Samfunnshuset laurdag kveld, seier Anne-Marie S. Frøysa.

Og lurer du på kva Bygdarane hadde for seg sist, i 2016?

Det finn du ut her: