Ein lang og innhaldsrik sesong er over

Avslutta alpinsesongen

Tradisjonen tru vart alpinsongen for dei aldersbestemte klassene avslutta med rennhelg på Strandafjellet.
Nyhende

I strålande påskevêr samla om lag 75 alpinløparar seg på Strandafjellet laurdag og søndag. På programmet stod både renn og premieutdeling av Sparebanken Mørecup. Laurdag køyrde løparane slalåm og søndag stod parallellslalåm på programmet.