Endeleg på plass i nye fine lokale

Feststemning

Automek flyttar inn i nye lokale på Øyna. Laurdag var 75 gjestar inviterte for å feire det nye verkstaden som er bygd.

Arne Nikolai Blindheim og Henrik Halvorsen Bjørdal ønska 75 gjestar velkomen til opningsfest av sitt nye verksted.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Kapasiteten har vore sprengt, lokala har vore for små og tida for å tenke nytt kom snikande for nokre år sidan. Henrik Halvorsen Bjørdal tok over Automek i november 2012 då verkstaden også var plassert i Øynaområdet. Sommaren etter flytta verkstaden inn i nye lokale i PIfabrikken der det har blitt reparert bilar sidan då. Arne Nikolai Blindheim kom inn som medeigar i Automek april 2015.