Vil løfte fram verdien av eit velstelt kulturlandskap

Kulturlandskapsprisen 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ønsker å sette fokus på landbruket som forvaltar av kulturlandskapet.

Fylkesmannen søker kandidatar som set fokus på dei gode verdiane ved å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal skal vere ei påskjønning til nokon som tek vare på verdiane av og som utviklar moglegheitene i kulturlandskapet. Fylkesmannen søker kandidatar som gjer ein særleg innsats i dette arbeidet.

Innsats også for andre

Dei aktuelle kandidatane må i tillegg oppfylle nokre kriterium frå Fylkesmannen. Det er ikkje berre kandidaten sjølv som skal nytte godt av innsatsen, men også ålmenta skal ha tilgang til kulturlandskapet i form av friluftsliv og rekreasjon. Kandidatane skal fremme eit opent landbruk i tillegg til eit ope landskap og arbeidet kandidaten gjer skal gje eit positivt fokus på landbruket sine verdiar. Eit ope kulturlandskap er positivt i seg sjølv, men som kriterium skal det også ha skapt ei ny næring på garden.

Fleire omsyn å ta

For kandidatane er der mange omsyn å ta i forhold til drift. Fylkesmannen vurderer om kandidatane har teke omsyn til ulike miljøutfordringar, både på bruket og i nærområdet. Om det er tatt omsyn til biologisk mangfald, kulturminne og byggeskikk blir også vurdert av Fylkesmannen.

Prisvinnaren treng ikkje å innfri alle kriterium med ein gong, men prisvinnaren er ein som syner fram både landbruket og Bygde-Noreg på ein framifrå måte.

Kommunar, landbruksrådgiving og lokallag er spesielt oppmoda om å foreslå kandidatar elektronisk på heimesidene til Fylkesmannen. Fristen er sett til 31. mai.