Dette er verken fint eller lovleg

Avfall i naturen er ikkje ønskeleg.
Nyhende

Oshammaren er igjen nytta til ulovleg dumping av avfall. Restar av oppussing er berre slengt utover i skråninga ned mot sjøen. Frå Oshammaren til gjenvinningsstasjonen på Kjølen er det 5,2 kilometer med bil, ei strekning som tek om lag 5 minutt i bil. Der er det til og med langope tysdagar til klokka 20.00. På Kjølen kan ein med standard abonnement (140l restavfall) levere 600 kilo avfall til sortering, 1000 kilo farleg avfall og uavgrensa mengder elavfall og hageavfall.

Aukande problem

Det er ikkje fyrste gangen det er dumpa avfall i dette området får Sunnmøringen opplyst. Når det blir avdekka slike funn er det kommunen som rykker ut for å rydde opp, og dette er ressurskrevjande for kommunen.

– Vi har sjekka det ut og skal rydde opp, seier Cato Andersen einingsleiar Næring og Teknisk i Stranda kommune.

Det har vore fleire tilfelle siste månadane med slik ulovleg avfallsdumping i området Mona/Antonusvegen.

– Dersom det fortset slik må kommunen vurdere om og kva tiltak ein skal sette i gang for å stanse dette, seier Andersen.