Stranda gjer det skarpt i komponistkonkurranse

Fire bidrag i finalen

I finalen: Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule er i finalen i U-trykk. Finalebidraget «Heim» kan du sjå og høyre på Sunnmøringen si nettside.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Ønskt velkommen: Vinnarane av Veslefrikk-prisen ønskt velkomen heim med overraskingsfest då Sunnylven skule vann Veslefrikk-prisen i 2019. arkivbilete  Foto: Anniken Westad

Vinnarane i 2017: Sunnylven skule vann Veslefrikk-prisen i 2017. Ida Susann, Elias, Matti, Lone, Ådne, Hanne. Foran fra venstre: Renate og Sara. arkivbilete  Foto: Sunnylven skule

Nyhende

Sunnylven skule og Stranda ungdomsskule er i finalen i Veslefrikk og U-trykk. Sunnylven skule slår til med to finalebidrag i U-trykk, og eitt i Veslefrikk.

Sunnylvingane har tidlegare gjort stor suksess i Veslefrikk, i 2017 vart det siger i heile konkurransen.

Første og andre trinn ved Sunnylven skule er i finalen på Veslefrikk, samt åttande og niande trinn som er i U-trykk-finalen. 10A ved Stranda ungdomsskule er i U-trykkfinalen.

Veslefrikk og U-trykk

Veslefrikk og U-trykk er ei nasjonal satsing på komponering for barn og unge, og i år har heile 2.264 barn frå 1. - 7. trinn delteke i Veslefrikkprisen 2019.

– Det er særs gledeleg at så mange skuler har brukt konkurransen til å la elevane få eit utforskande og kreativt forhold til musikk, seier prosjektleiar Eldar Skjørten i Veslefrikkprisen 2019.

I år er det kome til ytterlegare ein konkurranse, som heiter «U-trykk». Dette er ein komponistkonkurranse for ungdom mellom tretten og femten år.

Før påske var vi òg snakka med 10A ved Stranda ungdomsskule, som no altså er i finalen på U-trykk.

Det starta med eit riff

Klasse 10 A har òg eit bidrag med i U-trykk, som heiter «Heim».

– Du veit når du kjem ut av Ljøtunnelen og står på utkikkspunktet på Ljøen og ser ut over Sunnylsfjorden? Det er stemninga vi ønsker å løfte fram i låten, seier vokalist Ylva Bjørnes.

Og dei gjorde nøyaktig det same som Queen i si tid gjorde – det starta med eit riff, for 10A med eit gitarriff frå Jonas Støverstein.

– Eg spelte riffet om igjen og om igjen, så bygde vi låten rundt dette. Tekst og rytme kom etter kvart, seier Jonas om songen.

– Vi gler oss til å høyre kva juryen meiner om songen vår, smiler dei.

Den 10. mai er det klart for prisutdeling av Årets U-trykk i Oslo, og då kan ein få sjansen til å spele saman med Kringkastingsorkesteret (KORK).

– Då kan de gå glipp av Vårsleppet til ungdomsskulen, poengterer lærar Katrine Langlo.

– Verdt det, ler elevane.

No går det altså troll i ord for elevane ved ungdomsskulen - og du kan sjølv sjå og høyre bidraget frå 10A på Sunnmøringen si nettside.